FOREININGSPORTAL Foreiningar i Hyllestad

Velkomen til Hyllestad foreiningsportal

Her finn du oversikt over alle lag og organisasjonar i Hyllestad. Kalenderen gir oversikt over alle aktivitetar og komande arrangement.

Alle lag og foreiningar kan legge inn sin informasjon, og hendingar i kalenderfunksjonen. Har du ikkje fått din tilgong endå? Ta kontakt med julie.einen@hyllestad.kommune.no

Infoskjermane i Hyllestad

På infoskjermane får du informasjon om kva som skjer i Hyllestad kommune. Dei er ei forlenging av foreiningsportalen og skal bidra til at lag og organisasjonar, næringsliv og kommune får ut viktig informasjon til innbyggjarane! Infoskjermane i Hyllestad er plassert på kommunehuset, legekontoret, Hyllestadhallen, skulen, Eiklund omsorgsenter og butikkane. For å få infoskjerm på mobil kan du laste ned appen: INFOSKJERMEN GO og skrive inn Delingskode: Hyllestad

Du kan også få tilgang til alt innhald på infoskjermen ved å følgje denne adressa:

https://app.infoskjermen.no/go/Hyllestad 

NYTTIGE LENKJER FOR LAG OG ORGANISASJONAR

Her finn du nyttig informasjon og tilskotsordningar for lag og organisasjonar i Hyllestad.

BLI FRIVILLIG

Har du lyst å vere med å utvikle Hyllestad og bidra til trivsel i kommunen? Bli frivillig då vel! Her fins mange lag og organisasjonar som treng fleire frivillige til å bidra til det viktige arbeidet. Sjå under fana forening om du finn noko for deg eller kontakt frivilligsentralen direkte, kontaktinfo er nederst på sida.

OPPDATERING

Her kan du følgje status på kor mange foreiningar som har oppdatert sin foreining

58,5 % 

Foreninger: 31 av 53 er oppdatert (58,5 %) (mangler 22)

2024 © Foreningsportal